Hopp til hovudinnhald

Kunstig intelligens

Hovudfokuset for Søk & Skriv er skriving, søking, lesing og kjeldebruk i høgare utdanning. Når det gjeld KI, er hovudfokuset for Søk & Skriv korleis generativ KI kan brukast i slike samanhengar.

KI-verktøy som ChatGPT og Microsoft Copilot er laga for å generere tekst, ikkje for å hente informasjon. Verktøya er basert på språkmodellar som gjettar neste ord i ei setning. Dei er trent opp på tekstar som inneheld mykje informasjon, men er ikkje trent opp til å gi att informasjonen korrekt.

Verktøya er i ei svært rask utvikling, slik at det er vanskeleg å utarbeide retningslinjer og lovverk i same tempo. Søk & Skriv-redaksjonen gir generelle tilrådingar til trygg og formålstenleg bruk, men sjekk retningslinjer på din institusjon og i ditt fagmiljø.

  • Ver kritisk og dobbeltsjekk faktopplysningar

  • Ta omsyn til at KI-verktøy er ressurskrevande

  • KI er eit hjelpemiddel! Skriv, les og tenk sjølv

  • Ikkje del sensitiv informasjon

Juridiske og etiske retningslinjer

Når det gjeld bruk av KI, må du forhalde deg både til juridiske og etiske retningslinjer, og du må vurdere kor formålstenleg, trygg og påliteleg bruken av verktøyet er. Hugs at det finst andre metodar og verktøy som kan tene formålet ditt betre. Eit søk i Oria vil for eksempel gi deg betre tilgong til relevante og kvalitetssikra kjelder enn Microsoft Copilot.

Retningslinjer kan variere mellom institusjonar og fag, og du bør alltid sjekke med ditt fagmiljø.

Ver obs!

Hugs å følgje juridiske retningslinjer nedfelt i EU AI Act, GDPR og lov om opphavsrett.

Ver varsam med kva slags informasjon du deler med eit KI-verktøy. Mange studentar har tilgong til eigne løysingar frå institusjonen sin, slik som GPT UiO og Sikt KI. Når du brukar desse verktøya, kan du dele såkalla grøne og gule data. Du skal aldri dele fortruleg eller strengt fortruleg informasjon. Under ser du ei forklaring på kva som er meint med ulike typar data:

OPEN

Informasjon som kan delast med alle.

For eksempel:

  • offentlege nettsider
  • publiserte forskningsdata
  • offentlege dokument
  • open access-artiklar

AVGRENSA

Informasjon som kan delast, men er avgrensa med innlogging.

For eksempel:

  • studentoppgåver
  • dokument på Canvas eller liknande plattformar
  • førelesingsnotat
  • forskingsartiklar bak betalingsmur

FORTRULEG

Informasjon som kan vere tilgjengeleg, men berre for dei med godkjent tilgong.

For eksempel:

  • sensitive personopplysingar
  • helseinformasjon
  • komande eksamensspørsmål

STRENGT FORTRULEG

Informasjon med svært avgrensa tilgong.

For eksempel:

  • svært konfidensielle forskingsdata
  • informasjon som kan skade enkeltpersonar eller nasjonal sikkerheit

Du må aldri dele opphavsrettsbeskytta materiale med opne verktøy som ChatGPT. Innhaldet frå materialet du legg inn kan potensielt byggjast inn i verktøyet og dermed bli tilgjengeleg for andre som brukar det. Dette reknast som brot på opphavsretten. Du kan lese meir om bruk av KI-verktøy og opphavsrett her.

Hjelp til vurdering av KI-verktøy

Kunstig intelligens har gitt nye dimensjonar til informasjonsflyten. Samtidig skapar denne typen verktøy aukande behov for kritisk vurdering og navigering. Sjekklista under kan hjelpe deg med å analysere ulike KI-verktøy, og gi deg ein peikepinn på om det er fornuftig å bruke til ditt formål, eller ikkje.

Sjekkliste: Vurdering av KI-verktøy

Før du tek i bruk eit KI-verktøy, kan det vere lurt å undersøke om verktøyet er rett for deg ved å stille nokre spørsmål:

  1. Løyser verktøyet behova dine? Dersom du undersøker bakgrunn og bruksområde for verktøyet, og etterspør andre sine erfaringar, kan du danne deg ei meining om nettopp dette verktøyet er det du bør lære deg å ta i bruk. 

  2. Kven har laga verktøyet? Dersom du finn ut kven som står bak verktøyet, kor lenge dei har jobba med det, og kva bakgrunn dei har, kan du danne deg ei meining om mellom anna kvalitet, målgruppe, erfaring og formål med verktøyet.

  3. Kva skjer med dine data? Når du brukar KI-verktøy, leverer du som oftast frå deg tekst, bilde eller annan data. Studiestaden din kan ha reglar og retningslinjer for kva du har lov og ikkje lov til å dele, og du må ta omsyn til opphavsretten på data du deler. Vert dine data brukte til opplæring av KI-verktøy? Profiterer nokon på data du legg inn? Dersom du ikkje veit kva som skjer med dine data, bør du heller ikkje bruke verktøyet.

Meir detaljert sjekkliste
Kva er formålet med verktøyet? Kan det gjere arbeidet meir effektivt? Kan det gi arbeidet høgare kvalitet?
Kven er målgruppa? Er verktøyet brukarvenleg? Trengst det omfattande opplæring? Kva for fagområde støttar verktøyet?
Kva er verktøyet bra til? Sterke og svake sider ut frå formålet? Nyttig for fleire trinn i søkeprosessen? Mogleg å eksportere til andre verktøy?
Kven er utviklar/leverandør?
Kva for kjelder brukar verktøyet? Kva for typar data hentast ut? Kva for format må/kan data ha?
Behandlar verktøyet sensitive data?
Etiske innvendingar ved verktøyet?
Må ein opprette konto?
Køyrer verktøyet i skya, eller lokalt på maskina?
Har verktøyet open kjeldekode?
Sannsynleg med framtidig vedlikehald av verktøyet?

Vurder sjølv

KI-verktøy er ressurskrevande i eit miljøperspektiv. Ta omsyn til det når du vurderer nytteverdien av verktøyet.

Søking

Det finst ei rekkje ulike verktøy basert på kunstig intelligens som er utvikla (og stadig vert utvikla!) for å finne relevante kjelder, for eksempel Keenious, Elicit, ResearchRabbit m.fl. Desse verktøya kan vere nyttige dersom du berre skal finne nokre relevante artiklar knytt til ei problemstilling i den innleiande fasen av eit søk, eller når du skal gjere søk som supplerer (altså kjem i tillegg til) eit utført litteratursøk. Desse verktøya åleine eignar seg ikkje til systematiske litteratursøk. Systematiske litteratursøk skal vere etterprøvbare, noko som ikkje er mogleg for søk utført med KI-verktøy.

KI-verktøy som ChatGPT og Microsoft Copilot kan vere nyttige når du skal kome i gong med ein søkestrategi, ettersom desse kan kome med enkle forslag til korleis du kan setje opp eit søk for ei problemstilling. Ver klar over at forslaga frå slike KI-verktøy ofte kan innehalde feil. Det er viktig å vere kritisk og sjekke for blant anna feil søkeord, stavefeil eller feil bruk av AND/OR. For å kunne kvalitetssikre søkestrategiane, må du ha god kunnskap om akademiske litteratursøk og fagfeltet du jobbar innanfor.

Dersom du vil teste ut KI-verktøy anten for å hjelpe deg med å finne ulike synonym for eit fagleg omgrep, kome i gong med søkestrategien, eller kome med tips til relevante vitskaplege artiklar, er det viktig at du gir verktøyet tydeleg formulerte instruksar der du presiserer kriteria for det du er på jakt etter. (Du kan lese meir om instruksar, eller prompting under menypunktet «Utforske og bruke»)

Tips

Spør gjerne ein fagbibliotekar på studiestaden din om gode råd og hjelp til å finne og bruke kvalitetssikra søkekjelder når du skal finne vitskapleg litteratur til oppgåva di.

Skriving

Du må skrive sjølv. KI kan ikkje skrive for deg. I akademisk samanheng er det avgjerande at ein forheld seg til kjelder som har ein ansvarleg avsendar. Dette forpliktar deg også til å stå ansvarleg som avsendar for tekstane du sjølv skriv som student i ein fagleg samanheng.

Å ta stilling til vurderingane og påstandane i ein tekst, er særleg viktig når du brukar KI i skriveprosessen. Dette er fordi KI-generert tekst, i motsetning til for eksempel ei fagbok eller ein vitskapleg artikkel, ikkje har nokon ansvarleg avsendar. Du må derfor gjere heile jobben sjølv. Dersom du for eksempel ber eit trygt KI-verktøy om å skrive eit samandrag av argumentet i ein tekst, er det avgjerande at du sjølv kontrollerer at dette faktisk stemmer.

For å vurdere om du brukar KI-verktøy på ein måte som gjer at du tek vare på eigarskapet ditt til teksten, kan du prøve å svare «ja» eller «nei» på desse spørsmåla:

Basert på illustrasjon av Alexandr Tiulkanov [@shadbush]. (19. januar 2023.) X. Brukt i samsvar med CC BY.

Generativ KI som ChatGPT er god på mønstergjenkjenning i store datamengder. Det betyr at den kan brukast som verktøy for å kjenne att mønster og avvik i tekst, som rettskriving, setningsstruktur og disposisjon. Dette gjeld særleg på språk som er godt representert i treningsmaterialet.

Vurder sjølv

Generative KI-verktøy gir ikkje pålitelege svar. Du må framleis finne svar på faglege spørsmål i relevant litteratur, eller diskutere med rettleiar og medstudentar.

KI-verktøy kan vere nyttige for å støtte skriveprosessar og utvikle skrivekompetanse, særleg dersom du skriv på ditt andre- eller tredjespråk og/eller har lese- og skrivevanskar. Poenget er ikkje å «få svar» eller ferdig tekst, men å bruke språkmodellen til å forbetre eigen tekst, i eit språk som gir god meining for ein lesar.

Her er eit eksempel på korleis du kan jobbe
  • Be KI-verktøyet skrive om mindre delar av teksten din til eit enklare/meir direkte/klarare språk.

  • Be om forklaring av kva som er blitt gjort (for eksempel på kva måte er den nye teksten enklare/klarare osb.). Forklaringa kan vere ei nyttig tilbakemelding til deg som skriv.

  • I eit tredje trinn kan du be verktøyet om å grunngi endringane som er gjort i teksten.

  • Til slutt må du sjølv vurdere om det «nye» språket er noko du vil bruke, og om du kjenner att di eiga stemme i det, eller om du heller vil halde på den opprinnelige teksten.

Det er god skikk å gjere greie for kva KI-verktøy du har brukt og korleis du har brukt dei. Dette gjer lesaren merksam på eventuell skeiv framstilling og andre feil som er typisk for generative KI-verktøy. 

Ver obs

Dersom du brukar ChatGPT eller tilsvarande språkmodellar til å produsere ferdig tekst som skal leverast inn til vurdering, eksamen o.l., vil dette kunne bli rekna som fusk. Det er viktig at du undersøker retningslinjene for faget ditt og utdanningsinstitusjonen din.

Kjeldebruk

Tekst frå KI-verktøy (ChatGPT og Microsoft Copilot)

Tekst frå KI-verktøy reknast ikkje som ei kjelde i akademisk samanheng. Eit sentralt krav til kjelder er at dei skal ha ein ansvarleg avsendar, som for eksempel ein forfattar eller ein organisasjon. Dette er ikkje tilfellet for KI-genererte tekstar. Tekstgeneratorar som ChatGPT, Microsoft Copilot og liknande kan dermed heller ikkje få ansvar som medforfattar. KI-verktøy reknast som programvare, og det er derfor berre i særskilde tilfelle at referanse til bruk av KI-verktøy skal inkluderast i referanselista. Sidan slike verktøy påverkar resultatet av skriveprosessen din, er det likevel god skikk å gjere greie for for kva for verktøy du har brukt og korleis du har brukt dei.

Ulike reglar og retningslinjer: Ver merksam på at reglane for korleis og om KI-verktøy skal refererast til vil variere mellom ulike utdanningsinstitusjonar, emne og referansestilar. I nokre tilfelle vil det vere tilrådd å vise til verktøyet både i løpande tekst og i referanselista. Sjekk med institusjonen/emnet/referansestilen din.

Ver obs

Ein KI-generert tekst er det ikkje mogleg for andre å gjenskape, og dermed heller ikkje mogleg å etterprøve. I oppgåva di bør du derfor beskrive korleis du har brukt KI-verktøyet.

Gjer greie for bruken av KI-verktøy

Ver open om kva for verktøy du har brukt og til kva formål. Presiser kva som er ditt eige arbeid, og kva du har brukt KI til.

Eksempel på korleis du kan gjere greie for bruk av KI

«GPT UiO er brukt i arbeidet med å formulere ei problemstilling. Basert på ein idé om tema jobba eg fram den endelege formuleringa i samtale med verktøyet. Den endelege problemstillinga er mitt eige arbeid.»

«Eg har brukt Copilot i arbeidet med å lage ein disposisjon for oppgåva mi. Eg tok med meg den foreslåtte strukturen, men tilpassa detaljane som del av det vidare arbeidet med oppgåva.»

Vurder sjølv

Du bør alltid sjølv kontrollere og vurdere om tekst frå KI-verktøy er brukbar til ditt formål.

Når skal du referere til KI-verktøy?

Dersom du skal gjere greie for KI-bruk i oppgåva di, er det naturleg å vise til verktøyet du har brukt.

Du skal referere til KI-verktøy i tilfelle der KI er brukt som verktøy for å utføre analysar som påverkar resultat og funn i oppgåva di, eller når oppgåva omhandlar eit bestemt KI-verktøy og du genererer innhald for å illustrere korleis verktøyet fungerer.

Eksempel på KI-bruk som krev referanse

Bruk av KI-verktøy i analysar

Oppgåva di er ein analyse av norske politiske parti sine utsegn om vindkraft, og du brukar eit KI-verktøy for å hjelpe til med å vurdere om dei har ein positiv, negativ eller nøytral tone (sentimentanalyse).

Illustrere bruk av KI-verktøy

Oppgåva di handlar om generativ KI som pedagogisk verktøy, og du brukar GPT UiO for å generere ein eksempel-samtale basert på ein bestemt instruks.

Fleire eksempel på KI-bruk som krev referanse

Språkbehandlingsverktøy Program som kan analysere språklege mønster i tekst, for eksempel å identifisere tema eller nøkkelord.

Bildegjenkjenningsverktøy Dersom oppgåva involverer bilder, kan KI-verktøy brukast til å analysere innhaldet i bilda og trekke ut informasjon frå dei.

Dataanalyseverktøy Verktøy som brukar KI for å analysere store datamengder og avdekke trendar eller samanhengar som ikkje er lett synlege med tradisjonelle metodar.

Maskinlæringsalgoritmar Desse kan brukast til å forutsei utfall basert på tidlegare data, noko som kan påverke konklusjonane i oppgåva.

Obs! Vurder alltid om verktøyet du brukar er tillate på studiestaden din og for oppgåva di.

Referer på vanleg måte med tilvising i tekst og oppgi fullstendig referanse i referanselista. I ein del samanhengar vil det også vere aktuelt å ta med svaret frå chatten som eit vedlegg i oppgåva.

Korleis refererer du til KI-verktøy?

Referansestilen APA 7th har laga ei tilråding for korleis du viser til bruk av KI.

Ver obs

Ver merksam på at tekstar generert av kunstig intelligens er knytt til etiske problemstillingar, og at bruk ikkje alltid er lov i studiesamanheng. Undersøk kva som er tillate ved studiet ditt dersom du vurderer å bruke KI-generert tekst.

Lesing

Du må lese sjølv. KI kan ikkje lese for deg. Det er viktig å hugse at KI i beste fall kan vere eit nyttig verktøy eller hjelpemiddel for studia, og ikkje ei erstatning for å lese eller skrive sjølv. Under finn du nokre nyttige tips til korleis du kan bruke KI som eit hjelpemiddel for å bli ein betre student.

FerdigheiterØvingar
SkapeBe KI om å setje opp ein tidsplan for eit lengre prosjekt, som ei semesteroppgåve.
EvaluereGi KI rolla som kritikar eller konstruktiv rettleiar som skal gi deg tilbakemelding på ein tekst du har skrive, for eksempel ein diskusjon eller analyse.
AnalysereBe KI om å gi deg eit scenario der du spelar rolla som ein fagperson som skal setje diagnosar, løyse eit rettsspørsmål, eller liknande. Du kan også be KI argumentere mot deg, som ein sparringspartnar.
BrukeGi KI rolla som ein medstudent som kan hjelpe deg med idémyldring og disposisjon til ei oppgåve du skal skrive.
ForståGi KI rolla som ein interessert lyttar. Forklar KI korleis du har forstått ei førelesing eller ein tekst. Dersom du merkar at nokre omgrep er vanskelege å forstå eller samanhengar er uklare for deg, kan du be KI om å gi definisjonar eller kome med eksempel.
HugseBe KI om å gi deg kontrollspørsmål for å sjekke at du kan gi att innhaldet i det du har lese.

Tabellen er inspirert av «Bloom's Taxonomy Revisited» frå Oregon State University

Ver obs

Ikkje del opphavsrettsbeskytta informasjon med opne KI-verktøy.

Eksterne ressursar

Last updated on

On this page